Om

Sunnhordland Sumarkorps er eit prosjektkorps starta sommaren 2020, som eit tilbod retta mot ungdom og vaksne. Prosjektet har som mål å knyta sterkare band mellom korpsa i Sunnhordland, men òg samstundes fungere som ein arena for læring for dei som har lyst på ei ekstra utfordring som dei ikkje får i skulekorps/musikklag. Dette er sett i ljos av lite «talentsatsing» i regionen som svara til satsingar som ein finn i dei store byane. Her gir me moglegheita til ikkje berre å få rettleiing, men òg få lov å spele saman med unge profesjonelle musikarar som er på nasjonalt toppnivå.

Det er i musikken som i mykje anna, ein gjere kvarandre gode og ein lærar av å lytte og sjå på dei som er betre. Me håpar at dette kan skapa motivasjon og speleglede hjå musikantane som dei kan ta med attende til sine skulekorps/musikklag.