Gjennom sumarkorpset får du møte og spele med musikantar frå heile Sunnhordland. Det blir i tillegg til øvingar, sosiale aktiviterar for å verta betre kjent.
Programmet er satt samen av alt frå korpsklassikara til filmmusikk til storband. Det skal vær ei utfordring for alle og alle skal ha det gøy!
Instruktørane har ikkje berre gruppeøvingar, dei er òg med å spelar i korpset og bidrar til inspirasjon med eige spel og deltek på det sosiale.
22
Juli
Nysæter Kyrkje
Sunnhordland Sumarkorps inviterar til enda ein konsert! I år som i fjor, tar me turen til Nysæter Kyrkje, og har med ein bukett med fantastisk musikk. Me har valgt eit program inspirert av filmmusikk og amerikansk korps-kultur.
Me håper du har lyst å ta turen for å høyre på oss!
Program:
Welcome to the Imagination World - Daisuke Shimizu
Hymn to a Blue Hour - John Mackey
Penumbra - Oskar Abel Valand Halvorsen
Italian Rhapsody - Julie Giroux
-pause-
Colors - Bert Appermont (Solist: Quinn Parker)
Sidus - Thomas Doss
Come Sunday - Omar Thomas
Pris:
200kr pr person,
100kr barn/ungdom
22.Juli | 14.00 - 15.30
Sumarkorpset 2020 va ein super ide. Hadde ikkje tenkt å melde meg på men så gjorde eg det i siste sekund... Og angra ikkje. Blei kjent med mange andre korpsmusikanter... Musikken va variert og spennende og litt utfordringer underveis sio me ikkje hadde så lang tid på å øve da inn. Men løye ka me får te når ein vill.. Vurdere å melde meg på i år og. Du har gjort ein kjempe flott jobb Robert.
- Heidi (Trompet/kornett)
Å delta på Sumarkorps 2020 var utruleg kjekt. Fantastisk å treffa og spela i lag med mange andre kjekke folk. Repertoaret var særs variert og alle i korpset fekk vist seg fram frå si beste side. Øvingane var av høg kvalitet og munna ut i ein flott konsert i Nysæther Kyrkje.
Ved å delta på Sumarkorps vil du få moglegheita til å spela variert musikk under leiing av dyktige instruktørar. Du får ta del i ei rekkje sosiale aktivitetar og sjansen er også stor for å stifta nye bekjentskap. Har du spelt ein del år vil du truleg møte fleire kjenningar også. Eg har berre ein ting å seia: meld deg på til neste Sumarkorps!
- Henrik(Klarinett)
Sumarkorpset var ei fantastisk oppleving. Det var inspirerande, motiverande og givande både sosialt og musikalsk. Her får ein mogelegheita til å utfordre seg sjølv på repertoar som gjerne er meir krevjande enn det ein får bryne seg på i skulekorps og i enkelte musikklag i nærområdet. Ein får også ei unik sjangse til å spele saman med både profesjonelle musikarar, men også amatørar som verkeleg brenn for korps. Dette er ein mogelegheit til å utvikle seg som musikar individuelt men også i samspelet, her speler me kvarandre gode. Det er også mykje kjekt sosialt i form av ulike aktivitetar og påfunn, rundt måltid og i pausane. Med Sumarkorpset får ein nemleg både ei fantastisk musikalsk oppleving, men også nye gode vener som brenn for korps akkurat slik som du! -Ida(Fløyte)
Eit kjekt, bra og nyttig tilbod i området. Eg kjenner ikkje til noko anna som samlar korpsa og ungdommen (dei vaksne og forsåvidt) under same dirigent. Me treng ikkje meir av at korpsa kun jobbar for seg sjølv i kvar sin krok. Eg opplever det som noko alle korpsingar i Sunnhordland burde vore innom. Det passar for musikk-utdanna og hobby-musikant. Det er varierande musikk, gode instruktørar og mykje godt sosialt. Og øvingane er nokså bra fordelt. Fint med ein pausedag, og ikkje for lange øvingsdagar - slik som dei fleste kurs har (frå morgon til kveld).
- Helga(trombone)
Copyright © Robert Sylta 2021